Hopp til hovedinnhold

Byggeskikken

Husa i Rasmusgården viser oss mange trekk som er typisk for byggeskikken på Røros. Hovedhuset ligger med fasaden mot gata, og gjennom porten kommer vi inn i gårdsrommet med fjøs, stall og andre uthus.

  • Rasmusgården Sverre A. Ødegaard

Fjøset, som ligger parallelt med hovedbygninga, har dør inn i ’fjøsskjælet’, gangen, og derfra går en inn i fjøset til høyre og inn i gårdsstallen til venstre. I vinkel mot hovedbygninga ligger ’ferdasstallen’, og som tilbygg til den finner vi utedoen.

Hovedbygninga i Rasmusgården står fremdeles, bortsett fra noen mindre endringer, slik den er nevnt i branntaksten fra 1857. Huset er tømra over en enromsplan i to høgder, en typisk variant av de gamle Røros-husa. På røstveggen mot sør er huset avdelt med en enkel bordvegg slik at det blir en smal gang. I første etasje har gangen dør både til stua, gata og gårdsplassen. På Røros ble gangen kalt ”døra”. Sverre Ødegaard, som har beskrevet byggeskikken på Røros, sier at plasseringa av gangen på den ene røstveggen av hovedhuset er et svært typisk trekk både på hus med enromsplan og på de med toromsplan. ”Når husa låg klemt inne i tette rekker, syntest det mest praktisk å leggja gangen slik. På den måten fekk dei utgang både til gata og til gårdsplassen gjennom ”døra”. I gangen er det trapp til andre etasje der gangen blir kalt ”svala” . Fra ”svala” kommer vi inn på portloftet og inn på stugguloftet.

Større ferdsel til gården gikk gjennom portrommet. Over portrommet er det bygd til et loft – portloftet . Det var et rom mange brukte til oppbevaring av mat. Her sto mjølkistene og flatbrødkista, og her hang tørkakjøttet. Enkelte gårder brukte portloftet til oppbevaring av klær.

I vinkel innover i gården har hovedhuset et påbygd kjøkken. Også det er tømret i to høgder.
Fra kjøkkenet er det dør rett ut i gården. Rommet i andre etasje over kjøkkenet ble brukt som ’kleloft’.

Uthusa i Rasmusgården har også tradisjonell form. Ifølge branntakstbeskrivelsen fra 1857 var fjøset med gårdsstallen bygd av tømmer med låve av bordkledd reisverk over. Gården hadde i tillegg en ’ferdasstall’ som var bygd på samme måten. Den hadde plass til 10 hester. Det er særskilt nevnt at denne stallen var meget gammel i 1857. Noe senere får den gamle stallen høgere låve, og taket blir da sammenbygd med fjøstaket. Siden den gang er det ikke gjort endringer på dette huset, og det er den samme gamle tømmerkonstruksjonen som fortsatt står der. Fjøset er imidlertid skiftet ut. Olaf R. Wintervold, den siste som drev med husdyr i gården, bygde nytt fjøs i 1935. Nyfjøset har samme størrelse og plassering som det gamle, og det er inndelt og innredet på samme måte.

  • Rasmusgården, ettromsplan med døra på røstveggen av stua og med tilbygd portrom og kjøkkenutbygg. Møbleringa er tegnet etter opplysninger fra Olaf R. Vintervold (1975). Sverre A. Ødegaard

”Hustypar på Røros”

Sverre A. Ødegaard skriver i sin artikkel i Fjell-Folk, årbok for Rørosmuseet 1979: 

”Tronsan og Rasmusan – om to grannar i Storgata”, om byggeskikken i Røros bergstad.

"Mest 2/3 av stuggubygningane som blir nemte i arveskiftene frå 1690 og framover til midten av 1700-talet er bygd i ei høgd. Bygningane blir berre nemnt i knappe vendingar, men det kan ikkje vera tvil om at dei fleste av desse husa har ein todelt grunnplan, med stuggurom, eit mindre siderom og helst tilbygd forstue. Gjerne er siderommet, som blir brukt som kjøken eller kammers, ”afplanket” frå stugguromet med ein enkel panelvegg. Først finn vi helst skorsteinen i sjølve stuggurommet i hus med todelt grunnplan. Utover på 1700-talet blir det meir vanleg at skorsteinen står i siderommet. Det har m. a. o. vorte meir vanleg at huset har fått eige kjøken. I staden for skorsteinen får stugguromet omn.

Vi hører også om hus som berre har eitt opphaldsrom, og det blir gjerne opplyst at desse husa òg har eit attåtbygd bislag eller forstugang.

Etter kvart som kravet til meir rom stig, blir gamle bygningar utvida, eller det blir reist nye og større hus i staden for gamle. Frå midten av 1700-åra og inn mot midten av 1800-talet blir bustadhusa på Røros mykje endra. Fleire av hovudbygningane tek til å likne meir på det vi i dag meiner med eit vanleg, gammalt Røroshus.

Desse husa har fått nye ”delar” eller rom, som meir sjeldan er nemnt i det eldste kjeldene. Det blir vanleg at husa får overbygd portrom, og det blir mykje godt vanleg å finne eit særskilt kjøken- og/eller eldhusutbygg bygd i vinkel til stovebygningen mot gårdsplassen. Det store fleirtalet av husa får no to høgder.

I dei tradisjonelle Røroshusa ligg roma vanlegvis ordna i ei bestemt rekkefølgje. Når vi står på gata framfor eit slikt hus, som mest alltid vender hovudfasaden mot ei gate eller ein veg, finn vi det overbygde portrommet i eine enden av huset. Gjennom dette romet – ”portskjælet” som det gjerne heiter – går innkjørsla til gårdsplassen. Portrommet er stengt mot gata med ein enkel eller tofløya port. Attmed portrommet og ved endeveggen av stova ligg gangen, forstudøra eller ”døra”, som var den vanlege nemninga på Røros. Gangen har mest alltid dør til gata i den eine enden, og dør til gårdsplassen i den andre. Og somme gonger går også ei dør til portrommet. Om den lafta kjernen i huset er ein- eller toromsplan, ligg altså gangen i heile breidda av huset.

Nest etter gangen kjem sjølve den lafta kjernen av huset, der vi finn opphaldsromet eller –roma. Stugguromet ligg alltid nærsat gangen, med dør til gangen på røstveggen.

Treromsplanar, også med tilbygd portloft og somme gonger med kjøkenutbygg, finn vi etter kvart òg mange døme på.

Vi finn nemt også andre hustypar, t. d. ”midtganghuset”, som ofte har vakse fram frå ein opphavleg ein- eller toromsplan, som har fått ei ny stove tilbygd på den motsette sida av gangen. Vi finn òg etter kvart nokre ”midtkammers-” eller ”midtkjøken-”bygningar, som kan ha vakse fram frå ein opphavleg tre-romsplan.

Vi finn ellers mange variantar og kombinasjonar av dei grunntypane som blir nemt her.”

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2